Ål kulturskule

Ål kulturhus

Archive for januar, 2009

Jubileumsvår i kulturskulen

tirsdag, januar 27th, 2009

Ål kulturskule har runda 30 år og det ynskjer me å markere. Me har eit godt mangfald og mange dyktige elevar og lærarar. For at så mange som råd skal få syne kva dei kan, vil me presentere 3 store framsyningar:

* 27. og 28. april Teater: “Hakkebakkeskogen”
* 10. mai Dans: “Dansere”
* 8. juni Konsert: “Junitonar”

Les meir om desse framsyningane i Ål Kulturhus sitt vårprogram.

I tillegg vert det kulturkafé (laurdagar kl. 13.30) med kulturskule-elevar:
7. februar
7. mars
28. mars

Som oppspel til teaterframsyningane 27. og 28. april, vert det huskonsertar rundt omkring i Kulturhuset kl. 17.00-18.00.