Til elevar/føresette
Informasjon om møter, råd og utval, oppseiing av plass osb.
_________________________________________________
_________________________________________________
SU 2011-2012
Foreldrerepresentantar:
Jørund Li (leiar)
Frøydis Springgard
Ola Stave
I tillegg består SU i Ål kulturskule av
Ruth Marie Koksvik (tilsetterepr.)
Audun Sporsheim (tilsetterepr.)
Ola Terje Oleivsgard (politisk oppnemnd)
Eilif Gundersen - rektor og sekretær for SU (frå 1.1.12)
____________________________________________________________________________________
Foreldrebetaling i musikkskulen: sjå under «Prisar»
____________________________________________________________________________________
Reglement
Frammøte:
Eleven pliktar å møte presis og førebudd til timane. Sjukdom eller annan tvingande grunn til fråvær skal meldast til læraren eller under- visningsstaden. Eleven får ikkje att forsømte timar. Kulturskulen sine konsertar og framsyningar er ein del av skulen sitt undervisningsopplegg, og elevane har plikt til å vere med på desse etter avtale med læraren.
Instrument:
Eleven må disponere eige instrument der dette er påkrevd, og må stå for nødvendig vedlikehald av dette.
Læremateriell:
Noter og anna nødvendig læremateriell er ikkje inkludert i elevavgifta, og må kjøpast av eleven etter avtale med læraren. Særskild ordning gjeld for kunstskulen.
Undervisningsstad:
Undervisninga går i all hovudsak føre seg i kulturskulen sine lokale i Ål kulturhus.
Skulerute:
Kulturskulen fylgjer i hovudsak skuleruta for grunnskulen, men større haust- og vårprosjekt som heile kulturskulen, eller enkelte lærarar gjennomfører, kan medføre at undervisninga blir avslutta noko tidlegare enn oppsett i skuleruta. Elevane vil i perioden/-ane det er prosjektundervisning få eit meir intensivert tilbod som då endar i ei framsyning.
Organisering av undervisninga:
Det meste av instrumentundervisninga blir organisert som individuell undervisning, men det er opp til kvar enkelt lærar å velje om elevar skal setjast saman på gruppe for at undervisninga skal bli best mogeleg. Den faste tida for undervisninga kan i periodar bli endra for å gje plass til samarbeidsprosjekt og gruppeaktivitetar på tvers av disiplinane. I desse periodane vil gruppeaktivitetane erstatte den individuelle undervisninga.
Lærarar kan bli sendt på kompetansehevande kurs i løpet av skuleåret, noko som kan medføre at undervisningsdagar blir flytt/ avlyst. Dette vil det bli gjeve melding om så snart som råd, helst i samband med utsending av semesterplan. Det blir lagt opp til å avgrense omfanget av slike kurs i størst mogeleg grad, men Ål kulturskule ser ein stor nytte for elevane i å ha lærarar med størst mogeleg fagleg ballast.
Generelt:
Ein må rekne med ventelister på enkelte tilbod. Me tek atterhald om at me klarar å skaffe lærarar. Omfanget av dans- og dramatilbodet blir vurdert etter
___________________________________________________________________________
Linkar til møtereferat:
Referat foreldremøte i Ål kulturskule 13_10_11
Referat frå SU-møte i Ål kulturskule 08.09.11
Referat frå SU-møte i Ål kulturskule 09.11.2010
Referat frå foreldremøte i Ål kulturskule 12.10.10
Referat frå SU-møte 16.09.2010
Referat frå SU-møte 13.04.2010
Referat frå SU-møte 08.12.2009
Referat frå foreldremøte 03.11.2009
____________________________________________________________________________________
Kulturplan for Ål.
Kulturplan 2010-2015 vart vedteke i kommunestyremøte i juni 2010