Ål kulturskule

Ål kulturhus

Om oss

Ål kulturskule har som føremål å gje instrument- og songundervisning, dans- og teaterundervisning, og kunstskule til alle born og unge som ynskjer dette i Ål kommune. Hovudmålsetjinga er å utvikle dei skapande og kreative evnene hjå elevane, og gje dei kunnskap og innsikt innafor eige arbeidsfelt, og i tillegg ei generell forståing av kunst og kultur.

Ål kulturskule har skuleåret 2010-2011 tett på 370 elevar i alderen 4 til 19 år, noko som er det største elevtalet skulen har hatt nokon gong! Dette gjer Ål kulturskule til den største kulturformidlaren til born og unge i Ål kommune utanom grunnskulen. Kulturskulen er ein svært viktig leverandør av talent både til grunnskulen og til kulturlivet generelt.

Skulen held til i Ål kulturhus, som er det regionale kulturhuset i Hallingdal. Der har skulen gode undervisningsrom både til musikk, dans og drama, i god sambruk med kulturhuset.