Ål kulturskule

Ål kulturhus

Lokale

Kulturskulen disponerer ei rekkje større og mindre rom i Ål Kulturhus. Det aller meste av undervisninga går føre seg på kulturhuset. Skulen har fire undervisningsrom til musikkundervisning. Dansestudioet Fet’n er eit av dei mest brukte romma i kulturskulen, og vekentleg får nærare 190 elevar danseundervisninga si i dette lokalet. I tillegg blir musikkverkstaden brukt til bandundervisning og som base for lyd/lys/bildeproduksjon. Særleg dei store gruppeundervisningsromma er svært viktige brikker i den daglege drifta av kulturskulen. Ved større oppsetjingar leiger kulturskulen Storesalen i Ål kulturhus, der ein har eit velfungerande scenerom, svært gode teknikarar og alle rammeforutsetningar til stades for å lage gode framsyningar og produksjonar.
Kunstskule-elevane våre boltrar seg i flotte lokale på Ål ungdomsskule og på Hugnadheim (Torpo) er det langeleik og hardingfele for vidarekomne.