Visjonar / mål
Visjonar / mål innhald
Ål kulturskule skal vere den viktigaste formidlaren av kultur og kulturell eigenoppleving til born og ungdom i Ål kommune.
Ål kulturskule har difor som mål å gje instrument- og songundervisning, dans- og teaterundervisning, og kunstskule til alle born og unge som ynskjer dette i kommunen.
Hovudmålsetjinga er å utvikle dei skapande og kreative evnene hjå elevane, og gje dei kunnskap og innsikt innafor eige arbeidsfelt, og i tillegg ei generell forståing av kunst og kultur.