Tilbod Kornett/trompet

Introduksjon
Lærebok
Basislærebok er Vannebo/Mortensen: Midt i Blinken 1.

Hovudinnhald
Eleven skal:
• lære korleis halde instrumentet og lære litt om korleis han/ho skal handtere det (Smøring/reinhald av ventiler/slide, vask av munnstykke).
• lære å lage lyd og lære litt om pusteteknikk
• lære å spele minimum 3 ulike tonar og klare å skilje dei frå kvarandre i eit notebilete
• kunne heilnote, halvnote, firedelsnote og tilsvarande pauseverdiar
• lære seg små melodiar både med og utan noter
• kunne bruke det dei har lært til å komponere små melodiar
Opplæringa skal være mest mogleg grunna på leik.
Samspel
Små duettar saman med lærar eller annan elev på same nivå.
Organisering av undervisninga
Undervisninga vil normalt gå føre seg individuelt.
Måloppnåing
Eleven har nådd målsettingane når alle emne i planen er gjennomgått og kan utførast tilfredsstillande. Denne delen er relativt kort.
Kontakt med elev/føresette
Elev og føresette skal orienterast om korleis arbeidet har gått føre seg og kva for resultat som er nådd. For små elevar er det viktig at føresette følgjer opp eleven og passer på at dei hugsar å øve på leksa si heime.

Grunnleggjande
Lærebok
Basislærebok er Vannebo/Mortensen: Midt i Blinken 1.
Hovudinnhald
Lære å spele melodiar som gradvis innfører fleire og fleire element.
Element:
• Pust og tonedanning
• Notelesing
- Lære fleire tonar (ca ein oktav)
- Lære om ulike taktartar
- Rytmar sett saman av heilnoter, halvnoter, firedelsnoter og åttendelsnoter
• Gehørspel og improvisasjon
• Dynamikk (f, mf, mp, p)
• Karakter (for eksempel forskjellen mellom ein rockelåt og ei voggevise)
• Fortegn og oppløysingstegn
• Lære å spele enkle fleirstemte melodiar (rytmiske duettar og kanon)
• Utvikle evna til å lytte medan ein speler ved å spele saman med andre og ved hjelp av spel saman med CD
• Fyrste møte med luren
Samspel
Duettar/gruppespel med andre elevar på same eller høgare nivå.
Organisering av undervisninga
Undervisninga vil normalt gå føre seg individuelt., men etterkvart litt gruppeundervisning.
Måloppnåing
Eleven har nådd målsetjingane når alle emne i planen er gjennomgått og kan
utførast tilfredsstillande. Før avslutninga av den grunnleggjande delen skal eleven ha delteke ved minst ein konsert der eleven åleine eller som del av ei større gruppe får framføre delar av stoffet som er gjennomgått.
Kontakt med elev/foresatte
Elev og føresette skal orienterast om korleis arbeidet har gått føre seg og kva for resultat som er nådd. For små elevar er det viktig at føresette følgjer opp eleven og passer på at dei hugsar å øve på leksa si heime. Det skal og avklarast om eleven ynskjer å gå vidare.

Vidarekomande 1 og 2
Lærebok
Basislærebok er Vannebo/Mortensen: Midt i Blinken 2 og 3 + suppleringsstoff
Hovudinnhald
Øvingar/etyder frå lærebøkene og suppleringsmateriale, skala-/akkordspel, samspel i
duo/trio/kvartett, primavista-spel, gehørspel, og improvisasjon. I tillegg skal eleven
tilegne seg kunnskap om musikkteori, høyrelære, musikkhistorie og lytting. Eleven skal tilegne seg eit grunnreportoar på lur.
Samspel
Så langt det let seg gjera, skal eleven få tilbod om å spele i lokalt skulekorps/musikkorps. Alle elevar skal og delta på samspelaktivitetar på tvers av instrumentgrensene. Det er og naturleg at elevane får øve på samspelstoff på speletimane.
Organisering av undervisninga
Undervisninga vil normalt gå føre seg individuelt eller i mindre gruppe med 2 til 4 elevar. Denne delen vil strekke seg over fleire semester.
Måloppnåing
Eleven har nådd målsetjingane når alle emne i planen er gjennomgått og kan
utførast tilfredsstillende. Eleven skal delta ved minst ein konsert/framsyning pr. semester der eleven som solist eller som del av ei større gruppe får framføre delar av stoffet som er gjennomgått.
Kontakt med elev/foresatte
Elev og føresette skal orienterast minimum ein gong pr. semester om korleis arbeidet har
gått føre seg og kva for resultat som er nådd. Ved avslutning av vidarekomande del 2 skal det og avklarast kva eleven ynskjer vidare og kva kulturskulen kan tilby.

