Ål kulturskule

Ål kulturhus

Tilbod Langeleik

Nybegynnarar:

Trinn I
-korleis halde snerten, dra over strengene og få fram dei enkelte tonane på leiken.
-spela kjente barnesangar
-behandling av instrumentet

Trinn II
-utvikle spelteknikken med å dra saman tonar og lytte på klangane
-lære enkle slåttar/melodiar

Individuell undervising
Læremiddel: eigen innspelt cd

Vidarekomne:

-lære slåttar innafor runddans- og bygdedans sjangeren
-lære dertil høyrande stiltrekk inna melodiføring og rytme
-stemming av instrumentet i teori og praksis
-lære om tidlegare og nolevande utøvarar med særleg vekt på lokale tradisjonsberarar
-få kjennskap til folkemusikkmiljøet ved å delta på lokale/regionale/nasjonale    
 arrangement

Individuell undervising med samspeløving ein gong i månaden.
Lærematriell: eigen innspelt cd
”Langeleiken i Hallingdal” -kassett med arkivopptak frå Hallingdal