Hallingdal Dansekompani er ein viktig aktør innan talentutvikling og fordjuping i dans i Hallingdal. Gjennom kompaniet får elevane møte inspirerande og dyktige pedagogar og koreografar frå både Noreg og utlandet. Ungdomskompaniet vil i løpet av året møte ulike dansekunstnarar og koreografar, og bli introdusert til forskjellige koreografiske arbeidsmetodar. Det vert arrangert workshops og prosessar der ein saman med koreografen skapar eit verk. I tillegg vil elevane få sjå framsyningar og ha samtalar med profesjonelle dansekunstnarar og koreografar.

 

Hallingdal Dansekompani legg vekt på å utvikle både tekniske og kreative ferdigheiter i tråd med rammeplanen for kulturskulen. Elevane får oppleve meistring, skaparglede og kunstnarleg utvikling, der dei vert utfordra til å utvikle sitt talent og kunstnarlege uttrykk.

 

Kompaniet har 12 plassar og har audition i mai/juni kvart år.