YOGA
«Practice and all is coming.»
Søk plass her:
https://noaal.speedadmin.dk/tilmelding#/
Pris: 3400kr for eit skuleår med 36 veker. 1750kr for eit semester.
Ål kulturskule har fleire sertifiserte instruktørar i yoga og har timane våre i flotte lokaler på Ål kulturhus. Yoga er ei treningsform som gir deg reiskap som styrkar sjølvkjensla, hjelper deg til å slappe av og auke fokus. Samstundes er det bra trening for mellom anna styrke og fleksibilitet. Det heilskaplege perspektivet og dei positive effektane har gjort yoga veldig populær dei siste åra, og i kulturskula har me eit yogamiljø i vekst.
KURS
Vinyasa Ashtanga Yoga frå 16 år
Lærar: Iris Almås Tangeraas
Tid: Måndagar kl. 19.00-20.15
Stad: Store feten (dansesal) Ål kulturhus
Ein leiken yogatime som utfordrar fysikken, balansen, pusten og sinnet.
HUGSELISTE FOR TING EIN TRENG PÅ YOGATIME:
– Yogamatte
– Treningsbukse og t-skjorte/singlet (vi trenar berføtt)
– Hårstrikk og kliper for å sleppe hår i anletet
– Handduk
Valfritt:
– Vassflaske
– Sjal eller ekstra genser til å ta på i avspenninga til slutt.
– Notatbok og noko å skrive med
KJØP AV YOGAMATTE:
Yoga er heldigvis ein av dei minst utstyrskrevjande fysiske aktivitetane ein kan drive med. Det seies at ein berre treng ein hjerne, ein kropp og ei matte. Altså, her gjeld det å velgje rett matte. Hugs at om ein behandlar matta fint kan den vare i minst 10-20 år. Det er kjedeleg å slite på timen med ei matte som ikkje er optimal. Det selges nokre matter til 200-300 kr, men desse anbefalast ikkje. Av hygieniske årsaker ynskjer vi at alle skal ha si personlege matte, men du kan også låne av oss. Som det meste anna, er det slik at ein ofte får det ein betalar for. Spør gjerne instruktøren om råd.
Er yoga for meg?
Yoga passar for alle aldre, om ein er sjuk eller frisk, og ein treng ikkje væra mjuk for og starte med yoga. Yoga handlar like mykje om pusteteknikk og ynskje om å være meir til stades i augneblinken. Det er viktig å lære og væra til stades i eigen kropp. Ein treng ingen forkunnskapar, kunn ei yogamatte, treningskler og eit opent sinn.
Fagplan
YOGA
Velkomen til yoga-kurs der du kan fokusere på ditt indre og væra tilstades i eigen kropp.
Yoga er ein ettertrakta treningsform som har sin opprinnelse fleire tusen år tilbake i India. Det er ei effektiv form for trening, som gjev deg auka kropps-bevisstgjering, løyser opp spenning, gjev styrke, smidigskap, energi og eit roleg sinn. Det komplette perspektivet og sin positive effekt har gjort yoga meir og meir populær dei siste årane.
Yoga passar for alle aldre, om ein er sjuk eller frisk, og ein treng ikkje væra mjuk for og starte med yoga. Yoga handlar like mykje om pusteteknikk og ynskje om å være meir tilstades i augenblinken. Det er viktig å lære og væra tilstades i eigen kropp. Ein treng ingen forkunnskapar, kun ei yogamatte, treningsklær og eit åpent sinn.
Me tilbyr undervisning i yoga for damer og menn, frå 16 år og oppover.
Ein bestemt pusteteknikk gjev ei djup innverknad på kropp og sinn. Yoga handler om å væra i balanse med seg sjølv, å oppleva harmoni, ro og velvære. Kort oppsummert: ha det bra med seg sjølv.
Målet med yoga er å bevara denna følelsen ikkje berre når ein trenar, men også ellers i livet. Hovedfokus når ein trenar yoga er å oppleva, å være tilstades i bevegelse og pust, i staden for å skulle prestere.
Dei fysiske øvelsane trenar kroppen, men like så mykje er dei eit verktøy for å utforske og utvikle sitt eige potensiale både fysisk og mentalt.
Yoga for born (ikkje på timeplanen 2023-24)
Barn og unge i dag veks opp med mange flere impulsar enn tidlegare. Dei skal heile tida væra online og tilgjengeleg i informasjonssamfunnet. Yoga og meditasjon gjer at ein kjem i kontakt med seg sjølv og sin indre styrke. Timane er basert på leik, konsentrasjon og samhold. Eit yogakurs spesielt tilrettelagt for barn frå 4. til 6. trinn.
Timane er leikne og fylde av historiar og musikk, yogastillingar og sekvensar. Me har fokus på pust, meditasjon og avspenningsøvelsa. Kvar time blir avslutta med herleg avspenning. Yoga er ein aktivitet utan fokus på prestasjon, men jobbing mot positiv tenkning som skal styrke barnas sjølvtillit. Yoga kan fremme barnas balanse, styrke og motorikk og trenar opp evna til å konsentrere seg og slappe av. Barnet treng ikkje å ha tidligare kjennskap til yoga for å kunne være med på kurset.
Yoga for ungdom (ikkje på timeplanen 2023-24)
Yoga er ei komplett treningsform som fokusera på samanhengen mellom pust og bevegelse. Yoga kan gjera deg sterkere og meir fleksibel, både fysisk og mentalt. Yoga gjev auka konsentrasjon og større utholdenheit og meir energi! Pusteøvelsar og avspenning har ein beroligende effekt, og gjer det enklare å takle kvardagens krav og stress.
Yoga er moro og utfordrande og gjev eit godt grunnlag for eit liv med styrke, pust og fleksibilitet!
Me tilbyr også kurs til barnehagar og skuler!
Om instruktøren
Iris Almås Tangeraas er utdanna dansepedagog og har fleire kurs i pilates og yoga. Ho vart sertifisert Asthanga Yoga lærar hjå meister Alexander Medin på Puro Yoga i Oslo våren 2017. Iris har lang erfaring med undervisning og hennar timer kjenneteiknast med energi, flyt og intensitet.