Om kulturskola

Kulturskolen skal gi eit tilbod av høg fagleg og pedagogisk kvalitet og representerer ei vesentleg fordjuping utover det obligatoriske skuleverket.

ÅL KULTURSKULE

Kulturskolen skal gi eit tilbod av høg fagleg og pedagogisk kvalitet og representerer ei vesentleg fordjuping utover det obligatoriske skuleverket. Opplæring i kulturskulefaga er individuelt tilpassa, langsiktig innretta og kan gi elevar ei livslang interesse, for nokre også eit grunnlag for yrkesutdanning innanfor kunstfag. Hovudmålsetjinga er å utvikle dei skapande og kreative evnene hjå elevane, og gje dei kunnskap og innsikt innafor eige arbeidsfelt, og i tillegg ei generell forståing av kunst og kultur. Vårt motto er: ein leiken og kreativ kvardag!

Foreldrebetaling i kulturskulen:

Heil plass 3 201 kr/år. Sysken eller fleire plassar på individualundervisning 2 243 kr/år. Gruppeundervisning 2 346 kr/år. Gruppeundervisning vaksne 3 400 kr/år.  Materiell kunstskule 430 kr/semester. Satsane gjeld pr. elev. Faktura blir sendt to gonger i året. Satsane kan endre seg ved nytt skuleår og vert sett av kommunestyret.

Samarbeidsutval for kulturskulen skuleåret 2020/2021:

Politisk representant: Ingunn Solberg Skalle

Tilsettes representant: Audun Sporsheim

Rektor: Iris Almås Tangeraas

Foreldrerepresentantar: Ørjan Ruud,  Katrine Ripel, Lars Inge Tverberg

Kulturråd: (Kulturskulens ungdomsråd) Anne Birgit, Signe, Peder, Kiami, og Theo

Retningsliner for elevplass i kulturskulen

  • Vi er ein papirlaus skule, som i all hovudsak informerer digitalt. Eleven forpliktar seg til å halde seg oppdatert på informasjon frå læraren pr. e-post, SpeedAdmin eller nettsider, og til ei kvar tid sørgje for at skulen har korrekt kontaktinformasjon. Ved bytte av e-postadresse eller telefonnummer, ta kontakt med skulen.
  • Kulturskulen ynskjer friske og opplagte elevar. Ta difor med ei sunn og god matpakke dersom eleven kjem rett frå skulen!
  • Eleven forpliktar seg til å fylgje undervisningsforløpet som blir lagt opp av lærar.
  • Samspel og andre konsertperiodar er ein viktig del av undervisninga, og alle elevar forpliktar seg til å delta på dette minst éin gong i året. I samspelsperiodar går vanleg individualundervisning ut.
  • Ved to uvarsla fråværstimar, ved manglande interesse for faget, eller av disiplinære årsaker, kan elevar miste plassen i kulturskulen. Avgifta blir då ikkje refundert.
  • Ekstra utgifter til notebøker og utstyr kan forekomme. Eleven forpliktar seg til å fylgje opp dette, evt. saman med lærar finne fram til andre løysingar.
  • Alle musikarar forpliktar seg til å ha med nødvendig utstyr for undervisninga; notar, instrument, plekter/capo, trommestikker, hørselsvern osv.
  • Alle dansarar forpliktar seg til å møte i bevegelege klede, med oppsatt hår og evt. høveleg fottøy eller anna nødvendig utstyr for undervisninga. Av hygieniske og smitteforebyggande årsakar ynskjer vi at borna har reine hender og føter til dansetimane.
  • Lærarar kan bli sendt på kompetansehevande kurs i løpet av skuleåret. Dette kan føre til at undervisninga blir flytta eller avlyst.

VEDTEKTER FOR ÅL KULTURSKULE

  • 1 EIGAR

Ål kommune er eigar av kulturskulen.

  • 2 FORVALTNING

Opplæringslova § 13-6. Musikk- og kulturskuletilbod:
«Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.»
Ål kulturskule skal driftast i samsvar med kommunale vedtak og planverk for kulturskulen. Rammeplanen «Mangfald og fordjuping» er sentral for undervisninga.

Sektorutvalet for kultur og oppvekst (SUKO) er politisk fagutval for kulturskulen.
Endring av vedtektene for kulturskulen kan SUKO vedta. Større endringar og prinsipielle endringar skal leggjast fram for kommunestyret.

  • 3 FORMÅL OG INNHALD

Tilbodet i kulturskulen skal ha høg fagleg og pedagogisk kvalitet og representere ei vesentleg fordjuping utover det obligatoriske skuleverket.

Hovudmålsetjinga er å utvikle dei skapande og kreative evnene hjå elevane, og gje dei kunnskap og innsikt innafor eige arbeidsfelt, og i tillegg ei generell forståing av kunst og kultur.

Opplæring er individuelt tilpassa, langsiktig innretta og kan gi elevar ei livslang interesse, for nokre også eit grunnlag for yrkesutdanning innan kunstfag.

Kulturskulen forventar at elevar stiller førebudde til undervisning med nødvendig utstyr.

  • 4 FORELDRERÅD, SAMARBEIDSUTVAL

Kulturskulen skal ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval (SU).

SU skal bestå av fylgjande medlemmer: Fire representantar frå føresette, to representantar frå dei tilsette, to elevar og ein representant frå eigar (leiar av SUKO.)

  • 5 OPPTAK OG PLASSTILBOD

Påmeldinga er bindande for heile skuleåret. Dersom ein elev ynskjer å avslutte kurset, må skulen ha skriftleg melding om dette innan 10. desember for vårterminen, og 10.august for haustterminen.

Ved å ta imot elevplass ved Ål kulturskule forpliktar eleven seg til å møte presist og førebudd til timen. Elevar får ikkje att forsømte timar.

Sjukdom eller anna som hindrar eleven i å delta må meldast til lærar.

  • 6 SØKNAD OM PLASS

Det skal nyttast elektronisk søknad gjennom søkeportalen for kulturskulen. Hovudopptaket blir gjennomført i juni, men det er også mogeleg å søke undervegs i året.

Elevar som har plass må re-registrere seg for kvart skuleår, for å vere sikra plass til neste år.

  • 7 KULTURSKULEÅRET

Kulturskulen fylgjer i hovudsak skuleruta for grunnskulen, men større haust- og vårprosjekt som heile kulturskulen, eller enkelte lærarar gjennomfører, kan medføre at undervisninga blir avslutta noko tidlegare enn oppsett i skuleruta. Elevane vil i perioden/-ane det er prosjektundervisning få eit meir intensivt tilbod som blir avslutta med ein presentasjon eller ei framsyning.

Det er som hovudregel 36 undervisningsveker i eit skuleår.

  • 8 POLITIATTEST

Dei som skal arbeide i kulturskulen, må leggje fram tilfredsstillande politiattest. Arbeidsgivar innhentar politiattest i samsvar med reglane i opplæringslova. Attesten skal ikkje være eldre en tre månadar.

  • 9 TEIEPLIKT

Alle som arbeider i kulturskulen har teieplikt etter forvaltningslova § 13. Dette gjeld også vikarar, lærlingar, studentar eller andre som er til stades i kulturskulen, jf. Forskrift om politiattest.

  • 10 OPPLYSNINGSPLIKT

Alle som arbeider i kulturskulen skal vere merksam på tilhøve som kan føre til tiltak frå sosialtenesta og barnevernstenesta. Dei tilsette har opplysningsplikt i høve til dette, jf. opplæringsloven § 15-3. Opplysningsplikt til barnevernet

  • 11 BETALING

Sats for foreldrebetaling vert fastsett av kommunestyret. Undervisningsmateriell og utstyr kjem i tillegg til sats for foreldrebetaling. Elevavgifta blir sendt ut to gonger i skuleåret.

Elevar som sluttar midt i eit semester, kan ikkje rekne med redusert elevavgift.

Eleven betalar ein eigenandel. Størrelsen på eigenandelen kan bli endra som fylgje av politiske vedtak i Ål kommune.

Ved tildelt plass må eigenandelen betalast dersom det ikkje er gitt skriftleg melding til rektor om fråfall av plassen, innan tidsfrist oppgitt ved tildeling.

Det kan bli gitt refusjon av eigenandel ved tap av undervisning utover to gonger pr. halvår, dersom dette skuldast mangel på vikar ved lærars fråvær.

Manglande undervisning som fylgje av streik, lockout eller force majeure utløyser ingen refusjon.

Ved sjukdom eller skade, som hindrar eleven i å delta på undervisning, vil det, etter innlevert søknad og legeerklæring før semesterets slutt, bli gitt frådrag på eigenandel neste semester.

Manglande betaling av eigenandel kan føre til tap av elevplass.

TEAMET VÅRT

Me elskar å utvikle og ta vare på kunstnerisk og kulturell kompetanse! Til grunn ligg eit heilskapleg syn på mennesket og ideen om at alle menneske har formsans og uttrykksbehov vi kan være med på å utvikle. Kunst- og kulturuttrykk rører ved grunnvilkår ved tilværet vårt slik som glede, lengt, draumar, melankoli og einsemd, og er grunnleggjande i danningsprosessen. Me er stolte av å vere lærarar i Ål kulturskule

Iris Almås Tangeraas

Rektor

Audun Sporsheim

Gitar, bass og digital musikkproduksjon

Rebecca Lofft

Fiolin, fele og hardingfele

Mai Lene Elisesen

Dans og koreografi

Arild Jensen

Piano

Eivin Brye

Perkusjon

Ludmilla Petrova

Piano og kirkeorgel

Marit Sehl

Song

Gunnveig Nerol

Visuell kunst