PIANO

DESIGNED BY JASON BOURNE FOR HERHOUSEN

FAGPLANAR FOR PIANOLÆRARANE VED ÅL KULTURSKULE;

Lærarar: Arild Jensen og Ludmilla Petrova

Fagplan Piano

Lærar: Arild Jensen

 

Gjennom arbeidet med musikk skal elevane

• oppnå gode ferdigheiter på instrumentet sitt, på alle nivå og ut frå ambisjonsnivå

• oppleve meistringsglede og positiv sjølvutvikling

• utvikle seg til sjølvstendige utøvarar som har glede av musikk livet gjennom

• bli aktive lyttarar med eit nært forhold til musikk

• utvikle evna til samspel og samarbeid

• få høve til fordjuping som kan danne grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning i musikk

• bli ressurspersonar som bidrar til eit levande kulturliv

Eleven skal få ei solid forståing av notelære og musikkformidling. Eleven skal få høve til å utvikle ein personleg tryggleik på det valde instrumentet. Det blir også lagt stor vekt på samspel med andre musikarar ved kulturskulen.

I notebasert tilnærming får eleven også kjennskap til besifring, og dermed også harmonilære og teori.

PENSUM

Ludmilla Petrova har utvikla den lett tilgjengelege læreboka Velkommen til pianoet.

Etter begynnernivå velgjer læraren lærestoff tilpassa elevens ynskjer, nivå og alder.

 

Lærar : Ludmilla Petrova

 

Undervisningen foregår hver uke individuelt i 25 min.

Det forutsettast at eleven har eit akustisk eller digitalt piano heime.

Barn frå 6-årsalderen kan begynne å spele piano.

 

I oppstarten tar vi utgangspunkt i melodiar som elevene kjenner.

Desse blir lært etter gehør, og vi improviserer femtonespel på kvite eller svarte tangentar med kun høgre hand til å begynne med.

Gehørspel er ein metode som tas i bruk i undervisningen som supplement til notelære.

Notelære er en forutsetning for pianoundervisningen.

Å lære bass og diskantnotar samtidig er ein framgangsmåte som avgjort forenklar notelæringa.

Eleven får lekser som skal førebus til kvar speletime.

Det blir lagt vekt på variasjon innan repertoar og metode.

 

Undervisningen er individuelt tilpassa den enkelte elev så langt det er mogeleg.

 

På timen brukar vi ei fast noteskrivebok for å skrive alle grunnleggande emner:

Noter på notelinjene, noteverdiene,  fortegn, pauser, rytmemønster, grunnakkordar,taktarter, dur- og mollskalaene.

Kjennskap til noter utviklast parallelt med spelinga.

Tradisjonell notelære supplerast med akkord og besifringspel.

Repertoaret består av både klassisk, populærmusikk, jazz, blues, folkemusikk og den norske sang- og viseskatten. Elevenes interesse er avgjerande i valget av repertoaret. Men læreren har også eit ansvar for å formidle norsk og utanlandsk kulturarv.

 

Innhaldet i speletimen speglar i mest mogeleg grad ein balanse mellom musikkteori, estetikk og teknikk.

Eleven bør delta på konserter som blir arrangert i kulturskulen.

Konsertar er ein del av undervisninga.